
Det er eit tema eg vender tilbake til igjen og igjen, dette: Det godes “problem”.
Gud skapte..og det var godt. Gud fullførte, og sjå: det var berre godt, såre godt, skreiv poeten som dokumenterte Guds tanke ved begynnelsen.
Korleis blir ho denne hytta av mørke, spør Mary Oliver om døden (mi oversetting). Eg kunne spør: korleis blir han denne tunellen av lys som alle forteljingane fra “near death experiences” snakkar om. For det er ein tradisjon blant menneska for å legge det gode, det såre gode til himmelen.
Men det er ikke det eg ser etter. Eg ser ikkje etter det gode etterpå. Eg ser etter det gode no.
Når eg høyrer: “det var såre godt” vekkjer det noko i meg, ei gjenkjenning. Det gode finns. Eg kan gå inn og vere i det.
Eg tenkjer det er her tanken om himmelen hjem frå. Midt i det som òg finns og er smertefullt, mørkt, har menneske gjennom alle tider sett dette gode og funne styrke til å komme ut på andre sida.
Eg har òg opplevd å kjenne mørkret sleppe meg og lyset og freden ta over. Ikkje så ofte, men nok. Nok til å elske “det gode”. Nok til å vite at det gode er det eg vil springe mot, stoppe ved og sette meg ned og vere i. Det er det eg vil leite etter i meg sjølv, i medmenneska mine, i heile verda. Det er det eg vil applaudere, synge om, kviskre om og meditere på. Sjå, det var såre godt, berre godt. Gull i berget, kvitveis undre fjorårets rotne lauv.
Det er òg ein gammal tanke at det gode ikkje er lett å legge merke til. Denne “hytta av mørke” er ikkje skremmande, men heller ei bortskrelling av alt det andre som vil distrahere oss frå å sjå det eine viktige: lyset, det gode.
Så vert dei stående desse tre: tru, håp og kjærlighet.
Det gode.
Når eg får tak i det, får stoppe opp og bli i dette om så berre i eit glimt veit eg: “Tid er ikkje meir enn ein ide..det evige er eit tenkjeleg alternativ”.. det gode er rett ved sida av meg heile tida. og blir alltid…kven veit?
PiO Skrivekurs, kvardagsskriving dag 5.
I dag har eg vald startsetninga mi sjølv.
Ho kom til meg midt på natta og eg måtte stå opp og halde fast på ho før ho flaut vekk på “glemselens elv”.
Tanken om gløymselens elv kjem òg frå eit fabelaktig dikt, Forgetfulness av Billy Collins. Det må kanskje oversettast før eller seinare.