Kvitt, overalt.

Det er så kvitt, er det mange som sier. Kvite flater overalt.

Det kan vere vanskeleg å orientere seg når alt du ser er kvitt.

Landskapsformer vert utviska og blir flata ut mot horisonten, når alt du kan sjå er snø. Du anar ikkje kor bratt det er korkje oppover eller nedover før du startar på bakken. Det er ikkje så farleg hvis det er ein oppoverbakke. Då kan det blir hardt arbeid om du ikkje har felleski, men med tid og innsats går det fint å komme seg opp ei lang, usynleg li opp på vidda. Det er verre når du må ned igjen. Då kan det vere rett og slett livsfarleg for ein uerfaren skiløpar.

Det som startar som ei slak og moderat li i det store tomrommet kan bli ei fartsfelle. Skia kan forsvinne framom deg så du sit att på storbremsa med armar og bein i ein stor floke.

Ho kan vere god å ha, storbremsa, når du ikkje har teknikken i kroppen og kan å bruke ploging eller elegant slalomballett for å nyte akselereringa.

Det er sjølvsagt ikkje nokon stor boost for sjølvkjensle å ligge der i ein haug og sjå andre segle forbi, men ein redder iallefall livet.

Ho ligg der ligg i snøen og ser alle desse som ikkje berre var fødd med ski på beina, men som aldri tok dei av, vinter etter vinter. Ho ser kor dei kosar seg.

Ho kjenner sjølv på draget mot denne frigjeringa: sleppe taket, la det stå til, la lufta bli eit element ho kan bli nesten vektlaus i der ho flyr nedover uten å løfte på beina. Ho har kjent ein smakebit av denne gleden. I små bakkar der det var ei laaaang flate på botnen der ho sakte kunne komme til eit fullt stopp. Der det var eit trygt “sikkerhetsnett”.

Kanskje det ikkje er nødvendig å nøye seg med av smuler av glede? Ho er lei av å dra på smilebandet når dei andre ler seg krokete. Ho er lei av å misunne dei som ser ut som verdensmestrar og trøste seg med at “høgt heng dei og sure er dei”, for det er ikkje sant. Det er den frukta som har falt på bakken som er sur, markspist og halvråtten og der oppe i toppen heng det store, fine, røde eple.

Det er klart det er verdensmestrer som “heng høgt” på seg sjølve og hoverer eller ser ned på dei som ligg nede, men det er ikkje så mange av dei. Det motsatte er vel like vanleg, at dei som “vil nære seg på stum forakt mot overmålet eller undermakt”, dei er sure, dei.

Ho ser på dei som has stått ned heile fjellsida i susande fart med full kontroll, dei som har kjent sola i fjeset og vinden i håret og har hatt venger på føtene og tverrstoppar med ein glad triumf og ei open open favn mot verda: Dette var gøy. Bli med! Eg skal opp att og gjera dette igjen. Vinteren er uforutsigbar og livet er kort. Når viddene strekker seg endelaust så alt er kvitt, går det ikkje an å slutte. Det kan aldri bli for mykje glede.

Nei, ho vil ikkje bli liggande slik i ein tull. Ho får kare seg opp att og sortere armar og bein og få dei til å peke i rett retning. Ho har storbremsa om plogteknikken ikkje held. Dersom ho held auge med dei som renner før henne kan ho ha ei peiling på kor bratt det er og at dei ikkje er på veg mot eit stup.

Det er det som er den store frykten når alt er kvitt: Tenk om det er ein kant framfor henne som ho ikkje ser. Tenk om ho dett utfor eit stup der det er for seint å bruke storbremsa.

Men så er ho heldigvis ikkje åleine her i den kvite silkeørkenen. Så lenge ho ser nokon framfor seg som svinser seg nedover i slake slangespor veit ho at landskapet held og at ho kan stoppe trygt.

Here goes! Ho er sååå klar til å flyge litt.

Dagleg skriving for PiO skrivekurs, dag 4. Startsetning: “Det er så hvitt, er det mange som sier” fra brosjyre om barn som pårørende utgitt av Kreftforeningen.

Leave a comment