Så kom dagen da du fikk fred.

Det har vore ein hard og lang kamp.
Etter eit fargerikt og fullt liv.
Du var eventyrtanta vår som reiste til Afrika og var på TV og til og med hadde dansa med Erik Bye. Eg minnes tante på Capri, tante i Pompei, tante i Jerusalem, tante som såg månefarane i New York med Fred, og bada i svømmebassenget til ei filmstjerne i Hollywood med tante Sanna. Det var tante som var i Uganda og tante i Liberia og tante på Filippinene for å lære båtflyktningar norsk.
Lenge var det tante åleine. Som kom på juleferie eller sommarferie eller andre besøk. Som gikk på fjelltur med “Ryggsekken” friluftsgruppe eller til Kikut på ski, for å vise at det greide du også. Det hadde nok vore interesserte i kulissene. Du var jo så vakker og elegant og spennende, men dei høyrde eg aldri om. Til og med da den store kjærleiken kom fra Sverige var det lenge før du slapp katta ut av sekken og lot alle få møte verdens beste Sven.
Det er så godt å tenke på at du fekk Sven å gå i lag med andre halvdelen av livet ditt. Det er ikkje verst å få over 25 år i lag når en møtes så seint.
Du var reflektert og spørrende i dei store spørsmåla og sjølv om du ikkje sa så mykje om det, var det ikkje tvil i mi sjel at du var eit djupt åndelig menneske. Hadde ingen lettvinte svar, men eit åpent sinn og eit hjertet som gjenspeila den grunnleggende nestekjærleiken, “caritas”, som for meg er det klåraste bilde vi kan få av Guds ansikt på denne sida.
Det er Sven eg har tenkt å la få ordet til sist i denne farvel helsinga mi, med dette diktet eg veit han las for deg mange gonger.
Ja visst gjør det vondt, når den siste kampen kjem. Når alt som har vore er over og vi må gje slepp på kvarandre og la den som dreg dra dit vi ein gong skal, men ikkje kan kjenna. Når din dråpe no har falle i det store hav av elska sjeler som har gått føre deg, veit vi ikkje sikkert kva du møter. Men vi har eit håp og ein tanke om kva det er. Der tenker vi du no har fått fred.
Ja visst gör det ont
Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer
och det som stänger.
Ja nog är det svårt när droppar faller.
Skälvande av ängslan tungt de hänger,
klamrar sig vid kvisten, sväller, glider –
tyngden drar dem neråt, hur de klänger.
Svårt att vara oviss, rädd och delad,
svårt att känna djupet dra och kalla,
ändå sitta kvar och bara darra –
svårt att vilja stanna
och vilja falla.
Då, när det är värst och inget hjälper,
Brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer att de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden –
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit
som skapar världen.
Kvil i fred, tante Solveig.










