
Då blada blei borte og buskene og det høge graset la seg flate under frosten lyste eit nakent tre med gul frukt i bakken ved elva. Ein heil sekk full og endå nok til at det heng att frukt for fuglane å hakke i gjennom vinteren. På bakken var det òg nok til litt matauk til rådyra som vandrar langs elva.
Hos meg vert innhaustinga eplepai til Thanksgiving.

Tenkte det var ein passande måte å markere ein dag som etter tradisjonen skal vere ein hausttakkefest for å ha fått hjelp frå dei som kjende landet til å finne nok føde i naturen til å overleve. Fann dei ville eple, skal tru?