Det er advent og førjulstid. Gode minner og gamle tradisjonar kjempar om plassen med handlepress og amerikansk kulturimperialisme.
Dette var tida der mamma laga julesylte, lammerull og heimelaga leverpostei. Skap, vegger og tak skulle vaskast. Vindu, sølv og messing måtte pussast så det skein. Nye klede måtte ein ha og alt skulle vere klart til jul.
Her kom skittensøndagen og jultufsen godt med. I den tida var det gale å gjera noko arbeid på søndag, men det var eit unntak i førjulstida. Då fekk ein tildelt en skittensøndag der det var lov både å vaske og anna som ein ikkje fekk tid til på kvardagar i dei hektiske vekene fram til jul.
Heime hadde vi og ein tradisjon med å bruke dei gamlaste kleda i tida før jul, så alle fine klede kunne vera reine når helga kom. Dette kalla vi juletufs. Arnt som storebror var pådrivar for at gammelmakkoen skulle brukast. Eg har minne om eit velbrukt snøreliv fra tida før strømpebuksene og velstanden kom og tok livet av heile jultufsen.
No kjemper norske juletradisjonar for livet i kampen med kulturimperialismen. Julenissen vil framleis ha graut til jul, men spør du kven som helst under 40 så bur han nok på Nordpolen og ikke i fjøset. Her og der trasker han fortsatt rundt i nikkers og tresko, men han trivst best i slede seglande over himmelen med Rudolf og den lysande nasen som trekkdyr. Julegeita var, allereie då eg var lita, eit begrep berre pappa visste noko om.
Juletreet pyntar fleire og fleire i slutten av november. Få veit at det er fordi amerikanarane har fri dagen etter Thanksgiving og har for vane å pynte då. Handelsstanden får god utteljing for alt amerikansk dei kan få innført. Dette gjev lang til til å pynte ekstra og handle meir.
Det er blitt omvendt frå då vi pynta lillejulaften og hadde juletrefester til langt utpå nyttåret.
Finst det juletrefester lenger? Går folk rundt juletreet på julaften og i juleselskap eller er til og med det på veg ut?
Ei veninne gav meg ein støkk i går og drog inn begrepet “war on christmas” i en diskusjon på FB. Eg veit vi har ein kamp gåande om julegudstjeneste og kva barn får lov å lære om jul i skolen, men la oss halde det klart at her er det snakk om ein norsk strid mellom humanetikarar og bedehuset vi held på med.
Lat oss ta ein skikkeleg debatt med humanetikarane og sjå om vi ikkje kan bli einige om at norske juletradisjoner er livstrua, og at fienden ikke er den kristne julehistoria, men kulturimperialismen fra over there. Vi kan vel einast om å feire advent, jul og vintersolverv alle saman?
Så drikk vi gløgg og gler oss over julenissen og juletreet og den vakrast historia i verda: om barnet som gav avkall på sin høge himmel og vart født i ein vesal stall. Ja, jul var ei hedensk høgtid før kristendommen kom. Likevel syng dei fleste Glade jule og Deilig er jorden med klump i halsen. Kan vi la engler dale ned i skjul..om dei er kristne, muslimske, vesen vi lærer om av det norske kongehuset eller berre snøflak og glitrende stjerner?
Det lyser i stille grender. Snart snur sola! God jul!