Korleis ser ein debatt om fri vilje ut dersom vi ikkje har fri vilje?

Såg nett på Abels tårn på NRK 2. Dei diskuterte fri vilje.

IMG_1511Spørsmålet var om vi har det eller ikkje, fri vilje meiner eg. Då slo det meg:  Korleis ser ein debatt om fri vilje ut dersom vi ikkje har fri vilje? Er ikke nettopp det at vi sit og funderer på noko så abstrakt alt vi treng for å avgjera saka?

For meg som kjem frå ein religiøs bakgrunn var evalueringa dobbelt så interessant,  for dette var ein debatt der ein skulle avgjera spørsmålet om fri vilje ut ifrå  vitenskapelige vurderingar og forskning.

For oss religiøse imellom, vi kjenner denne debatten godt frå fleire hundre år av krangel mellom forskjellige protestanter. Dei mest prinsippfaste protestantane kom for lenge sidan til at vi har ikkje fri vilje. Alt er predestinert, for den supreme viljen må i natur av si allmakt og allkunne vera den som har både startplan og det siste ordet.

No er det retningar innan fysikken som leiker med teoriar som krev samme doktrinære konklusjon.

Eg er ikke fysiker og eg har forsona meg med at tida er for knapp til at eg kan lese meg opp på dette slik at eg forstår kva logikken deira er. Eg får reagere på denne filosoferinga på samme måte som eg har forhalde meg til Calvin i alle år: Dette stemmer ikkje med landskapet.

Dersom kartet ikke stemmer med landskapet, må det vera noko gale med kart-appen dei brukar for å vise oss rett veg.  Då protesterer eg. Eg rett og slett vil ikkje akseptere ein teori eg kjenner i magen er berre tullprat.

Leave a comment