hurra for sola

Vårsola i Norge er ikkje som anna sol.
Ho glitrar med ein energi som dreg folk ned trapper og ut dører og får dei til å le høgt i gatene.Ho fyller parkar og plener med glade menneske som leikar og tar med matpakken IMG_3767eller middagen ut. Rådhusplassen fylles igjen med fontenens perlande fyrverkeri og Livsfrisen i Frognerparken blir fyllt med fossande liv. Ho får syklar til å trille og fotballer til å rulle og føtter til å springe langs stendene og oppå fjella.Med løvetann og kvitveis løfter vi ansikta våre mot vårsola og syg til oss lyset og varmen. Med vinden stryk ho oss lett over nakne armar og bein og minner oss om at vi lever. Ho

får syren og fiol til å sprekke med forførande dufter og  vekker sansar som låg i dvale heile vinteren.

Varm og sval på samme tid er vårsola. Vert det sveitt i solveggen er det berre å finne ei av kjempene med lysegrønt vårlauv der du kan nyte vårlyset i passande temperatur. Aldri er himlen så blå, skyene så kvite eller er lufta så full av fuglesong.

Takk, vårsol, at du enno ein gong rista meg vaken og fylte meg med liv og glede. Sjå igjen, alt blei nytt.

Leave a comment