Pappa hadde ein ven som skreiv brev. Eg minnes korleis pappa alltid snakka om kor godt han skreiv, når han hadde fått eit nytt brev.
I helga sat eg og las i gamle utgåver av “Gammalt frå Fræna” og der fekk eg sjølv oppleve Torstein Tomassen sin skrivekunst. Akkurat som pappa måtte eg berre stoppe opp og gle meg.
Det første eg kom over var eit stykke han hadde skreve om sanitetskvinneforeninga på Tornes. Eit prosaisk tema skulle ein tru. Men slik starta Tomassen innlegget:
” I tankane kan ein reise opp att falne hus, -gjere nedbygde markar levande med gras og korn, insekt og fuglar, -skape sommarvind eller gulnande haust – og vinters rennfok rundt novene. Og folket som var? Det er underleg kor livs levande dei kan verte – i tankane… I stille stunder er dei kring oss. Dei går over gamle tun, ror langs strendene, arbeider og slit eller har helgefred. Vi er i lag med dei i det gamle og bortfarne.” (1)
Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg ser dei. Torsein har makta å skildra ein plass og ei tid like levande som om det var ein film, med berre nokre få gode ord.
Å, kor eg elskar gode ord. “Som eple av sølv i skåler av gull” er gode ord sa Salomon. Som musikk og kjærteikn og gode angar er gode ord for meg. Dei gjer meg glad, inspirerer meg til handling eller rører meg til tårar. Eg stoppar og tek imot når dei kjem. Eg deler dei gjerne med andre, slik som no. Delt glede, er dobbel glede. Eg har ein godbit til. Eit skinande eple, i ei glitrande skål. Særleg for ei vestlending:
HEIMKOME VED HAVET(2)
Torstein Tomassen
Så gjekk eg på stiane,
rodde i sunda.
Hitover dreiv dei
angane
frå ein gjøfjørevår
i eit kvitsymreår
vest ved havet.
Då såg eg dei,
tuftene,
fann eg dei,
tuene.
Lutande stod dei
steinane,
over frendar i jord
som rodde og for
slik som eg
i ein vår
i eit kvitsymreår
her ved havet.
- Gammalt frå Fræna, 1991, “Om eit årsmøte” av Torstein Tomassen, side 43
- Gammalt frå Fræna, 1985, “Heimkomme ved havet” av Torstein Tomassen, side 7
Bilde: Akvarell av Nelle Rodrick.