Tanken på å skrive har alltid hatt i seg eit spørsmål om språkvalg.
Det var ein gong det var utenkeleg å skrive norsk på bokmål. Det er rart korleis det å leve i “utlendighet” sakte førte med seg eit språkskifte når eg skreiv.
Samtidig fekk eg alltid kommentarar på at eg ikkje hadde mist dialekta mi. I vitsa mæ dei so spurte å sa at de va ikkje so rart. Deinn enaste i snakka norsk mæ te vanle va Gud, å hainn snakka frening.
Men i mail og på FB blei det standard å skrive bokmål. Kall det latskap. Ein må vere meir kreativ for å skrive nynorsk, må leite etter gode ord som både flyt og som folk flest kan forstå. Dessutan er språk ein levande organisme of sorts og du treng eit språk community for å halde deg sharp.
Der kom det. Det tredje språket. Ein har ikkje budd med engelsk som partner og landsby halve livet uten at det har satt seg så fast i språk hjernen at det kjem opp som første valg når hjernen raskt googler etter neste ord. Etter 22 år i strekk har nok engelsk hatt så mange hit at det er som om det har betalt for rangerings plass ved søk.
Det er artig dette med språk. Skriv nok meir om der ein annan gong. På bokmål, går eg ut ifrå. Men i dag var det faktisk artig å skrive nynorsk.